Då Jesus frå mor si skulle gå (LH434)

Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til: navigasjon, søk
    Tekst: Tysk folkevise 1700-t    Melodi: Tysk folkevise 1700-t    Oversettelse: Bernt Støylen
Då Jesus frå mor si skulle gå

1Då Jesu frå mor si skule gå, / den heilage veka taka på, / då fekk Maria slik hjartesut, / so sorgfull ho spurde son sin ut.

2 (I)Å son min, du kjære Jesus min, / kva vert du den heilage sundag din?

(II)Um sundag eg konge vera må, / dei klede og palmer for meg skal strå.

3 (I)Å son min, du kjære Jesus min, / kva vert du den heilage måndag din?

(II)Um måndag er eg ein ferdamann / som ingenstad heimvist* finna kan.

4 (I)Å son min, du kjære Jesus min, / kva vert du den heilage tysdag din?

(II)Um tysdag er eg profet og spår / kor himmel og jord dei under går.

5 (I)Å son min, du kjære Jesus min, / kva vert du den heilage onsdag din?

(II)Um onsdag eg ringt og lite gjeld, / for tretti sylvpengar vert eg seld.

6 (I)Å son min, du kjære Jesus min, / kva vert du den heilage torsdag din?

(II)Um torsdag er eg på nattverdbord / eit offerlam for den heile jord.

7 (I)Å son min, du kjære Jesus min, / kva vert du den heilage fredag din?

(II)Å mor, å du mor, så kjær for meg, / å gjev langfredag vart løynd for deg!

8 (I)Å son min, du kjære Jesus min, / kva vert du den heilage laurdag din?

(II)Um laurdag eg eit kveitekorn er, / som atter sitt liv i jordi fær.

* kost og losji