Det hev ei rosa sprunge (LH377)

Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til: navigasjon, søk
    Tekst: Köln 1599    Melodi: 1400-t / Köln 1599    Oversettelse: Peter Hognestad 1921
Det hev ei rosa sprunge

1Det hev ei rosa sprunge / ut av ei rot so grann. / Som federne hev sunge: / Av Jesse rot ho rann, / og var ein blome blid / midt i den kalde vinter / ved mørke midnattstid.

2Um denne rosa eine / er sagt Jesajas ord. / Maria møy, den reine, / bar rosa til vår jord. / Og Herrens miskunnsmakt / det store under gjorde / som var i spådom sagt.

3Guds rosa ljuvleg angar / og skin i jordlivs natt. / Når hennar ljos oss fangar, / ho vert vår beste skatt. / Me syng i englelag: / No er det fødd ein Frelsar, / og natti vert til dag.