Djupaste mørker ligg over jord (LH584)

Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til: navigasjon, søk
    Tekst: Arnfinn Haram 1995    Melodi: Wolfgang A. Plagge 1995
Djupaste mørker ligg over jord

1Djupaste mørker ligg over jord, / frosthard er marka, sterna står stor / høgt over huset - der på eit fang / Frelsaren kviler, natta er lang. / Omkv: Maria, Maria, visste du vel / alt som deg ventar: Sverd i di sjel, / naglar og tornar, blod på ein kross! / Ofrast lyt Sonen, ofrast for oss.

2Kransa kring bålet, hyrdingar små / englesong høyrer. No vil dei gå / like til stallen, stilt stig dei inn, / kneler for barnet, kysser hans kinn. Omkved

3Angen av høyet, bitter og yr, / pusten av trøytte, nattvarme dyr, / vinden som kviskrar – alt andar ut: / No er han komen! Her er vår Gud! Omkved

4Kongar frå Austen, vismenner tre, / røykjelse, myrra, gull har dei med. / Vidt har dei fare, langt skal dei dra, / bodskap få bera. Halleluja! Omkved

5Tettast ved krubba, moderleg god, / vaker Maria, glad er ho no. / Guten ved barmen, tvegen og fin; / Gudeson er han, sjå kor han skin! Omkved

6Djupaste mørker ligg over jord, / alt fekk du prøva, Jesus, min bror. / Gå ikkje frå meg, Herre, eg bed! / Ven frå det høge, du er min fred. Omkved

Noter

  • Sats (Wolfgang A. Plagge)