Eg veit i himmerik ei borg (LH807)

Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til: navigasjon, søk
    Tekst: Tysk, før 1600    Melodi: Folketone fra Hallingdal    Oversettelse: Bernt Støylen 1905
Eg veit i himmerik ei borg

1Eg veit i himmerik ei borg, / ho skin som soli klåre, / der er kje synder eller sorg, / der er kje gråt og tåre.

2Der inne bur Guds eigen Son / i herlegdom og æra, / han er mi trøyst og trygge von, / hjå honom eg skal vera.

3Eg er ein fatig ferdamann, / må mine vegar fara / herfrå og til mitt fedreland, / Gud, meg på vegen vara!

4Eg fatig hit til verdi kom / og rann av ringe røter, / fer herifrå med handi tom, / og daudens vald meg møter.

5Men visst eg veit, ein morgon renn / då daudens natt skal enda. / Min lekam upp or gravi stend / og evig fryd fær kjenna.

6So hjelp oss du, vår Herre Krist, / ditt blod for oss hev runne: / Din beiske daude sant og visst / oss himmerik hev vunne.

7Me takkar deg til evig tid, / Gud Fader, alle saman, / for du er oss so mild og blid / i Jesus Kristus! Amen.