Ein heimstad hev Herren for folket sitt bygt (LH541)

Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til: navigasjon, søk
    Tekst: Lars Eskeland 1934    Melodi: Ambrosius J. Lutz
Ein heimstad hev Herren for folket sitt bygt

1Ein heimstad hev Herren for folket sitt bygt, / som lyser i evig klåre. / På berg skal han standa i tidene trygt / for oss og for borni våre. Omkv. Kristi kyrkja / står trygt i tid og i æva. Kristi kyrkja / står trygt i tid og i æva.

2Sjå landet i folket seg speglar av, / so hugen av venleik lyser. / Og Herren Krist seg til folket gav, / so hjarto himmelen hyser. Omkved

3Til kvar som flyg inn i hans frelsarfamn / han segjer: Du ven og broder. / Og Faderen gjev oss eit barnenamn / i Kyrkja, vår heilage moder. Omkved