Folkefrelsar, til oss kom (LH348)

Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til: navigasjon, søk
    Tekst: Veni, redemptor gentium, Ambrosius av Milano 300-t    Melodi: Einsiedeln ca 1120 / Erfurt 1524    Oversettelse: Bernt Støylen 1905
Folkefrelsar, til oss kom

1Folkefrelsar, til oss kom, / fød av møy i armodsdom! / Heile verdi undrast på / kvi du soleis koma må.

2Herrens under her me ser, / ved Guds Ande dette skjer. / Livsens ord frå himmerik / vert i kjøt og blod oss lik.

3Utan synd han boren er / som all synd for verdi ber. / Han er både Gud og mann, / alle folk han frelsa kan.

4Frå Gud Fader kom han her, / heim til Gud hans vegar ber, / ned han fór til helheims land, / uppfór til Guds høgre hand.

5Du som er Gud Fader lik, / ver i vanmakt sigerrik! / Med din guddomsvelde kom, / styrk oss i vår armodsdom!

6Klårt di krubba skina kan, / ljoset nytt i natti rann, / naud og natt til ende er, / trui alltid ljoset ser.

7Lov og takk, du Herre kjær, / som til verdi komen er! / Fader god og Ande blid, / lov og takk til evig tid!