Gud signe vårt dyre fedreland (LH721)
Fra Liturgisk ressursbank
Tekst: Elias Blix 1890 Melodi: C.E.F. Weyse 1826
2Vårt heimland i myrker lenge låg, / og vankunna ljoset gøymde. / Men Gud, du i nåde til oss såg, / din kjærleik oss ikkje gløymde. / Du sende ditt ord til Noregs fjell, / og ljos yver landet strøymde.
3Vil Gud ikkje vera bygningsmann, / me fåfengt på huset byggja. / Vil Gud ikkje verja by og land, / kan vaktmann oss ikkje tryggja. / So vakta oss, Gud, so me kan bu / i heimen med fred og hyggja!
4No er det i Noreg atter dag / med vårsol og song i skogen. / Um sædet enn gror på ymist lag, / det brydder då etter plogen. / So signe då Gud det gode såd, / til groren ein gong er mogen!
