Guds folk for sin konge skal kveda (LH560)

Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til navigeringHopp til søk
    Tekst: Bernt Støylen 1917, etter Magnificat    Melodi: Hos Joseph Klug 1542
Guds folk for sin konge skal kveda


1Guds folk for sin konge skal kveda / og høglova Herren med gleda. / Sitt folk han frå syndi vil frelsa, / med lovsong me honom vil helsa.

2Guds under er mange og store, / til frelsa for oss han deim gjorde, / han gav oss usegjande gåva, / hans heilage namn vere lova!

3Hans kjærleike aldri skal enda / mot deim som han trugne kan kjenna. / Han ætt etter ætt vil deim spara, / hans høgre med velde deim vara.

4Men folk med høgmodige tankar, / som vida med storlæte vankar, / han spreider som agner med velde, / blæs burt deira eiga og elde.

5Han støyter ned store og rike, / men bøygjer seg kjærleg til slike / som tyngjest i sorg og i trengsel / og sukkar i band og i fengsel.

6Dei hungrige munnar han mettar, / dei sorgtyngde hjarto han lettar, / si åsyn han mild mot oss vender, / si fredshelsing kjærleg oss sender.

7Vår Herre, ver lova og æra, / som kom våre synder å bera, / vår himmelske hovding og Frelsar, / ditt folk deg med lovsongar helsar!