Jesus, du er den himmelveg (LH341)

Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til navigeringHopp til søk
    Tekst: Elias Blix 1875    Melodi: Ludvig M. Lindeman 1840
Jesus, du er den himmelveg


1Jesus, du er den himmelveg / som til Gud Fader oss leider. / Frelsa det er å finna deg, liv og uvisnande heider. / Du er all skapnings ljos og liv, / verdi då enn i myrker sviv, / vinglande vilt millom graver.

2Ljoset det inn i myrkret skin, / myrkret det ikkje vil fata. / Gud sende verdi Sonen sin, / verdi då honom må hata. / Han millom sine eigne stend, / er då av sine ikkje kjend, / gjeng som ein framand i verdi.

3Men dei som honom tok imot / og ifrå myrkret seg vende, / dei som i tru med bøn og bot / honom som Frelsaren kjende, / deim gjev han all sin barnerett, / føder deim atter til Guds ætt, / etter sitt namn han deim kallar.

4Frelsaren til sin Fader fór, / der han oss rom ville reida, / sende so Anden sin til jord, / som oss til sanning skal leida. / Han ved Guds ord i Jesu namn / viser oss veg til himmelhamn: / Jesus er vegen og livet.

5Jesus, eg høyra vil til deim / som etter deg du kan nemna! / Lat meg ved deg til himmelheim / dagleg få styra og stemna! / Utan din arm i miss eg gjeng / før du meg høgt på ørneveng, / til eg i himmelen hamnar!