Syng i stille morgonstunder (LH693)

Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til navigeringHopp til søk
    Tekst: Elias Blix 1891    Melodi: Ludvig M. Lindeman 1862
Syng i stille morgonstunder


1Syng i stille morgonstunder, / syng Gud Fader lov og ros! / Sjå, han gjerer nytt det under: / kalar fram or myrkret ljos! / Sjå hans sol all skapning gylla, / alt med liv og lovsong fylla, / sjå hans kjærleiks smil i sky, / sjå kvar dag hans nåde ny!

2Lær oss, Gud, kvar dag å telja, / sjå, kor snøgt vår livsdag lid! / Lær oss livsens veg å velja / medan det er enno tid! / Enn i dag du vil oss kalla, / snart kan myrker på oss falla. / Lat oss, medan det er dag, / fylgja Andens nådedrag!

3Gud, som skapte sol og stjerna, / deg me syngja takk og lov, / at um oss du ville verna / medan me i myrker sov! / Lys og leid oss, ljosens Fader, / til vår sol i gravi glader, / vekk oss so til morgon ny, / dag med solskin utan sky!