Gud signe vårt dyre fedreland (LH721)

Fra Liturgisk ressursbank
(Omdirigert fra 74LH231)
Hopp til navigeringHopp til søk
    Tekst: Elias Blix 1890    Melodi: C.E.F. Weyse 1826
Gud signe vårt dyre fedreland


1Gud signe vårt dyre fedreland / og lat det som hagen bløma! / Lat lysa din fred frå fjell til strand / og vetter for vårsol rømma! / Lat folket som brøder saman bu, / som kristne det kan seg søma.

2Vårt heimland i myrker lenge låg, / og vankunna ljoset gøymde. / Men Gud, du i nåde til oss såg, / din kjærleik oss ikkje gløymde. / Du sende ditt ord til Noregs fjell, / og ljos yver landet strøymde.

3Vil Gud ikkje vera bygningsmann, / me fåfengt på huset byggja. / Vil Gud ikkje verja by og land, / kan vaktmann oss ikkje tryggja. / So vakta oss, Gud, so me kan bu / i heimen med fred og hyggja!

4No er det i Noreg atter dag / med vårsol og song i skogen. / Um sædet enn gror på ymist lag, / det brydder då etter plogen. / So signe då Gud det gode såd, / til groren ein gong er mogen!