Kross, du sterke (LH467)

Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til navigeringHopp til søk
    Tekst: Crux fidelis / Pange lingua…prælium, Venantius Fortunatus 600-t    Melodi: Folketone fra Skjeberg    Oversettelse: Ragnhild Foss 1938
Kross, du sterke


1Kross du sterke, du det eine / edle tre av alle var. / Ingen skog vel slike reine blomar, blad og frukter bar. :/: Sæle kross, so sæle naglar / og so sæl ei byrd det var! :/:

2Pris, mi tunge, no med fagnad / dagen som til siger rann! / Pris vår underfulle lagnad: / Gud oss gav ein frelsarmann, / :/:som gav burt sin reine lekam / og på krossen siger vann.:/:

3Ein gong førde oss den raude / frukti ned i syndenatt. / Herren såg vår sjeledaude / og dei tunge band som batt. / :/:Miskunnsam han lét den kvite / veden lyfta sjeli att.:/:

4Frelsarverket so laut krevja, – / Herrens visdom hev sitt rom: / jordi skaut si saft og sevja / upp i stomn og blad og blom. / :/:Han som oss med treet såra, / fekk frå treet óg sin dom.:/:

5Då rann Herrens dag, den store, / skein som gull i solarglans, / og vår skapar dette gjorde / som var godt i augo hans: / :/:reine møyarfanget fødde / sonen hans med sigerkrans.:/:

6Guten gret, då han til jordi / føddest i ei krubbe trong; / men i frygd den unge mori / linda han med´ englar song; / :/:ikkje visste ho: ved krossen / laut han lindast siste gong.:/:

7Sine dagar til den siste / ofra han i bøn og bot; / vél sin lidingsveg han visste: / Øksi ferdug låg ved rot. / :/:Tolug då som lam i dauden / gjekk han krossen sin imot.:/:

8Gall og eddik for hans kvide, / røyr og lanse óg der stod, / men frå Herrens hjarteside / sildra livsens vatn og blod. / :/:Himmel, jord og alle stjernor / reine vert i denne flod.:/:

9Gjer då dine greiner mjuke, / stolte tre, som vidjestreng; / stive, harde veden strjuke / han so lint som dun på veng! / :/:Sval vår konungs særde lemer, / gjev han livd i lauvmjukt heng!:/:

10Sæle kross, me no vår Frelsar / hyller i din høge stamn; / dine bjelkar óg me helsar, / båten som ber Jesu namn. / :/:Blod av Lammet hev du drukke, / det er hav og himmelhamn.:/:

11Æra vere allheimsdrotten / i det høge, Han som er, / Far og Son og Heilaganden, / Skapar, Frelsar, Trøystar kjær. / :/:Hans er makti og all ære, / pris din konge, ljosens her!:/: