I Austerland der gjekk eit ord (LH410)

Fra Liturgisk ressursbank
(Omdirigert fra LH410)
Hopp til navigeringHopp til søk
    Tekst: Elias Blix    Melodi: Thomissøns Psalmebog 1569
I Austerland der gjekk eit ord


1I Austerland der gikk eit ord / um Kongen utan like, / som skulle verta fødd på jord / og grunna der Guds rike.

2Og Kongens sæle fødedag / på det dei skulle kjenna: / Ei stjerna klår av ukjent lag / den dagen skulde renna.

3På ordet um den kongeson / dei vise menner grunda. / Dei stirde upp i stendig von / og på hans stjerna stunda.

4So fekk dei sjå ei stjerna stor, / som gjenom myrkret ljona. / Då stod dei upp og heiman fór, / og fager ferd dei vona.

5So fór dei fram med hugheilt mod, / og stjerna for deim lyste, / alt til ho yver huset stod, / som kongesonen hyste.

6Ho lyste deim til Davids stad, / der Jesus-barnet kvilde. / Dei såg Guds son, fall ned og bad, / og ofra gåvor gilde.

7Og sidan drog so lang ei rad / av heidningfolk og kongar / og helsa Jesus hjarteglad / med lov og sæle songar.

8For stjerna lyser enn på jord, / ho aldri nedgang kjende. / Ho lyser i Guds dyre ord / so klårt til heimsens ende.

9Og jamvel born, dei sæle små, / kan veg til Jesus finna. / For barnetru skal honom sjå / og arv i riket vinna.

10So fylg då stjerna til hans stad, / og syng av hjartans grunnar! / For Jesus vert so hjarteglad / ved lov frå barnemunnar.