Pris, mi sjel (LH452)

Fra Liturgisk ressursbank
(Omdirigert fra LH452)
Hopp til navigeringHopp til søk
    Tekst: Pange lingua gloriosi, Thomas Aquinas (?) 1200-t    Melodi: Gregoriansk, 1100-t    Oversettelse: Ragnhild Foss 1938
Pris, mi sjel


1Pris, mi sjel, det brød som lyser / løyndomsfullt på altarbord, / denne gåta at me hyser / Herrens lekam enn på jord, / at me skodar offerblodet, hjarteflaumen, rik og stor!

2Han for oss steig ned til verdi, / fødd og boren av ei møy, / strådde livsens såd på ferdi, / ordet sitt på heimsens øy, / gav oss so det sanne brødet / kvelden fyrr han måtte døy.

3Til dei tolv si offergrøde / retta han med eigi hand, / delte ut den reine føde / lovi kravde, til kvar mann, / gav seg sjølv som påskelammet / fyrr den siste morgon rann.

4I det sanne brød gav Ordet / som vart kjøt, sin lekam god; / og den vin han skjenkte, gjorde / han med ordet til sitt blod; / men den reine sjel åleine / skynar dette fagnadbod.

5Bøygde framfor Gud me æra / vil hans store sakrament, / lov og takk til honom bera / som det nye lam hev sendt / og med Andens ljos vil gjera / klårt det tanken hev kje kjent.

6Far og Son me gjev vårt kvede, / lovar Gud av hjartans trong; / lukke, signing, frygd og glede / ofrar me dei tvo med song. / Sæle frygd, for deim og Anden / med vår lovsong stå ein gong! [Amen.]