For Kristi ævegåvor (LH585)

Fra Liturgisk ressursbank
(Omdirigert fra LH585)
Hopp til navigeringHopp til søk
    Tekst: Æterna Christi munera, Ambrosius av Milano 300-t    Melodi: Fra middelalderen    Oversettelse: Ragnhild Foss 1938
For Kristi ævegåvor


1For Kristi ævegåvor no / met akkar høgt med frygdesong; / for sigrane i martyrblod / me prisar Herren enn ein gong.

2Som fyrstar i Guds Kyrkje stend / dei som gjekk fremst i livsens strid; / i himlen no hans trugne menn / for verdi skin til ævords tid.

3Dei aldri veik og livde seg, / og pinslor vyrde dei kje på; / dei gjekk den stutte, tunge veg, / som ingen vender heim ifrå.

4I sigren yver verdi skin / ei tru som gjer den reine sterk, / ei von som yver verdi vinn / og Kristi eige kjæleiksverk.

5Gud Faders ære skin i deim, / og Andens vilje brenn som glod, / i Sonens frygd dei vandrar heim, / so himlen skjelv av jubel-ljod.

6Å, Frelsar, kunde me ein gong, / som her på jordi hev deg kjær, / få lova deg med slik ein song / i himlen med din martyrhær.