Å, kor heilag er vår høgtid (LH588)

Fra Liturgisk ressursbank
(Omdirigert fra LH588)
Hopp til navigeringHopp til søk
    Tekst: O beata beatorum, 1100-t    Melodi: Fransk / Thoralf Norheim    Oversettelse: Ragnhild Foss 1949
Å, kor heilag er vår høgtid


1Å, kor heilag er vår høgtid, / martyrdomens minnedag, / då i vyrdnad me lyt prise / dei som vann dei store slag.

2Klårt for augo strålar teikni, / martyrdygder grant seg tér, / all den venleik som dei åtte / frå sin skapar, no me ser.

3All sin hug og tru og hjarta / til sin Gud dei yvergav; / aldri yvervunne gjekk dei / gjenom pinslor til si grav.

4De som ervingar med Kristus / er til himmerikes løn, / dykk me bed for Gud å bera / fram vår hjartans trong i bøn,

5at me etter yverferdi / til eit anna liv fær rom / millom Herrens sæle vener, / fegnast i hans herlegdom. Amen.