Å, Maria Magdalena (LH611)
1Å, Maria Magdalena, / kvifor græt du då so sårt? / Herren din du ville tena, / hev dei teke honom burt? / Han som deg or myrkret leide, / han som nåden um deg breide, / han som lyfte hugen din / til den reine vegen sin!
2Lyft ditt auga, sjå, han stend der, / nær deg er hans hjartefamn, / sjå dei naglemerkte hender, / høyr, han nemner deg ved namn! / Gløym no glad langfredagsskaden, / Jesus Kristus er uppstaden, / evigt liv og himmelglans / strålar no or augo hans.
3Kvifor græt de, kristne brøder? / Turk den tunge tåra av! / Liv og evig gleda fløder / fram or Jesu opne grav. / Sjå, vår Frelsar nær oss stender, / lyser fred med lyfte hender, / kallar kjærleg oss ved namn, / opnar oss sin hyrdingfamn.
4Gløymd er no den store kvida, / tunge kross og tornekrans, / naglegap og sår i sida. / Evigt liv vart verket hans: / Gjennom dauden hev han vunne, / evigt liv åt alle funne, / ljos igjennom gråt og grav – / kristen, turk di tåra av!