Upp frå syngjande kor (LH643)

Fra Liturgisk ressursbank
(Omdirigert fra LH643)
Hopp til navigeringHopp til søk
    Tekst: Christo inclita gaudia, 1000-t    Melodi: Thoralf Norheim    Oversettelse: Ragnhild Foss 1949
Upp frå syngjande kor


1Upp frå syngjande kor det stig / song til Kristus i gleda, / denne heilage høgtidsdag / lyt ein lovsong me kveda. / Alle himmelens heilagmenn / med vår røyst lyt me lova, / fyrst Maria, som unnte oss / livsens løni til gåva.

2Ho vår dronning og reine mor / gav oss Sonen til frelse; / me ved honom frå synd vart løyst, / mori då lyt me helse. / Må den heilage engleflokk / gleda ned til oss taka, / at me skirsla for synder må / himmelfrygdi få smaka.

3De ærverdige bønekor, / munkar, heilagmenn alle, / må dei bøner de bed for oss / upp til Himlen oss kalle, / må dei styre oss all vår dag / og på vegane vara, / at til Himmeriks høge frygd / og Guds folk me må fara.