Fagert er landet du oss gav (LH722)

Fra Liturgisk ressursbank
(Omdirigert fra LH722)
Hopp til navigeringHopp til søk
    Tekst: Anders Hovden 1907    Melodi: Melchior Vulpius 1609
Fagert er landet du oss gav


1Fagert er landet du oss gav, / Herre, vår Gud og vår Fader! / Fagert det stig av blåe hav, / soli ho sprett ho glader, / signar vårt land i nord og sud; / soleis di åsyn lyser, Gud, / yver vårt Noreg i nåde.

2Likjest vårt folk i mager jord / skjelvande blomen på bøen, / stend utan livd i vind frå nord / tett innmed kanten av snøen. / Herre, du ser med miskunn ned, / folket vårt gjev du livd og fred, / er oss so kjærleg ein Fader.

3Tidi ho renn som elv mot os, / fort skifter sumar med vetter. / Fader, ver alltid Noregs los / radt til dei seinaste ætter! / Herre, vår Gud, vårt Noregs Gud, / varda vårt land frå fjell til flud, / lær oss å gå dine vegar!

4Signa då, Gud, vårt folk og land, / signa vårt strev og vår møda. / Signa kvar ærleg arbeidshand, / signa vår åker med grøda! / Gud, utan deg den vesle urt / veiknar og visnar, bleiknar burt, / ver du oss ljoset og livet!