Lov Jesu namn og herredom (LH335)
Fra Liturgisk ressursbank
(Omdirigert fra Lov Jesu namn og herredom (74LH024))
Hopp til navigeringHopp til søk Tekst: Edward Perronet 1779, 1780 Melodi: William Shrubsole 1779 Oversettelse: Arne Garborg 1898
1Lov Jesu namn og herredom, / høgenglar i hans slott! / Ber krona fram med hyllings ljom, / og kron han, / kron han, / kron han, / kron han, allheims drott!
2Du vitneflokk i himmelkor / som tolmods krans hev nått, / kved kongskvad for den Herre stor, / og kron han, allheims drott!
3Du frelste hær av Adams ætt, / løyst ut av naud og nott, / pris han som nåde gav for rett, / og kron han, allheims drott!
4Kvart folk i kvar ei heimsens bygd / her under soltjeld blått, / gjev han åleine herrehøgd, / og kron han, allheims drott!
5Ja, gjev me med Guds kvite hær / av all vår hug og hått / syng songen ny for Herren kjær, / for Jesus, allheims drott!