No skrid vår drottins merke fram (LH466)
1No skrid vår drottins merke fram, / me ljoset ser frå krossen skina, / den kross der skaparen i naud og skam / hev løyst sin skapning ut or myrkheims pine.
2Av hogg og styng han såra var, / men vatn og blod rann frå hans side; / so tung ei liding han på krossen bar, / det kann kje nokon skyna all hans kvide.
3Då vart det sant det David song / ved harpa, um det syn han skoda: / at Himmerikes konge skal ein gong / frå treet styra alle folk på jordi.
4Me aldri såg eit tre so grant; / på det vår konges blod hev runne. / Å, vigsla kross, du vart so dyrt eit pant / på sigeren vår Frelsar dyrt hev vunne!
5Heil deg, du kross frå Golgata, / vår von i jordheims skuggedalar! / Du syner leid og gjer oss fri og glad / på vegen upp til Himmerikes salar.
6Trieinings Gud, me hyller deg, / me syng for deg på pilgrimsferdi. / Ditt kjærleiksunder alle sjeler dreg; / styr hugen mot det høge upp frå verdi!