Alt lov, all pris og æra (LH285)
Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til navigeringHopp til søk
Tekst: Johann Jacob Schütz 1675 Melodi: Mainz 1410 / Nürnberg 1523 Oversettelse: Bernt Støylen 1918
1Alt lov, all pris og æra ver / vår store Gud og Fader, / den Gud som alle under gjer og hjelper alle stader, / den Gud som styrkjer oss i strid / og trøystar oss i trengsels tid / å, gjev vår Herre æra!
2Deg prisar alle englekor, / du som i himlen tronar, / deg lovar all den vide jord / med alle millionar. / For du hev allting, smått og stort, / so kjærleg tenkt, so herleg gjort / å, gjev vår Herre æra!
3Kom, de som kjenner Kristi namn, / og gjev vår Herre æra! / Kom, de som kviler i Guds famn, / og gjev vår Herre æra! / Gjer kvar ein svikar-gud til spott! / Gud Herren eine er vår drott / å, gjev vår Herre æra!