Døyparen stend ved Jordans strand (LH608)

Fra Liturgisk ressursbank
Revisjon per 31. mai 2015 kl. 19:26 av Mtande (diskusjon | bidrag) (Lagt inn teksten til første vers, skrevet inn av Daniel Haugestad Pedersen)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigeringHopp til søk
    Tekst: Elias Blix    Melodi: Wolfgang A. Plagge 1992
Døyparen stend ved Jordans strand


1Døyparen stend ved Jordans strand, / lydt um Guds rike han ropar. / Gjetordet gjeng um by og land, / lokkar dei høyrande hopar. / Alle som venta Herrens trøyst, / lengtande lyda på hans røyst, / stundande etter Guds rike.

2Døyparen morgonstjerna er, / varslar at soli vil renna. / Bod um den komande han ber, / so dei kan Frelsaren kjenna. / Han er den røyst i øydeland, / ropande ut til alle mann: / Rydje no veg fyre Herren!

3Døyparen viser burt frå seg, / – stjerna for soli må vika, – / viser til Jesus, livsens veg, / vegen som aldri vil svika. / Difor Johannes fekk den ros: / han var eit strålande Guds ljos, / lysande fram til vår Frelsar.

4Alle som vil Guds rike sjå, / alle som livet vil smaka, / inn um Johannes ganga må, / honom til vegvisar taka! / Berre i bot og tru på Krist / finna me vegen, det er visst. / Det vil oss Døyparen læra.

Noter

  • Sats (Wolfgang A. Plagge)