Heile den glitrande stjerneelv (LH714)

Fra Liturgisk ressursbank
Revisjon per 31. mai 2015 kl. 19:27 av Mtande (diskusjon | bidrag) (Lagt inn teksten til første vers, skrevet inn av Daniel Haugestad Pedersen)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigeringHopp til søk
    Tekst: Lars Eskeland 1937    Melodi: Wolfgang A. Plagge 1992
Heile den glitrande stjerneelv


1Heile den glitrande stjerneelv / som glid gjennom natteklåren / er berre skimt som i rømdi skjelv / mot ungdom med eld på åren.

2Soli som skin ifrå himmelsal / og livet på jordi føder, / er berre skimting ein haustdag sval / mot Anden som hjarta gløder.

3Høgsumarsol yver snøtekt tind / og skinande lange fenner / strålar lite mot hugen din / når Anden i hjarta brenner.

4Alt som du eiger vert då til eld, / og elden frå Gud er runnen. / Herren kjem til deg og høgtid held / og reinsar di sjel frå grunnen.

Noter

  • Sats (Wolfgang A. Plagge)