Kling no klokka (LH396)

Fra Liturgisk ressursbank
Revisjon per 31. mai 2015 kl. 19:27 av Mtande (diskusjon | bidrag) (Lagt inn teksten til første vers, skrevet inn av Daniel Haugestad Pedersen)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigeringHopp til søk
    Tekst: Elias Blix 1889    Melodi: Halle 1705, 1708 / folketonevariant fra Oppdal
Kling no klokka


1Kling no klokka! Ring og lokka, / ring og lokka frå tusund tårn! / Tona um frelsa! Kalla og helsa, / kalla og helsa med fred Guds born! / Kling no klokka! / Ring og lokka, / ring og lokka frå tusund tårn.

2Englar kveda: / Høyr den gleda, / høyr den gleda som her er hend! / Ljoset er runne, livet er vunne, / livet er vunne: ein Frelsar send. / Englar kveda: / Høyr den gleda, / høyr den gleda som her er hend.

3Høge fagnad! / Sælt det dagna; / sælt det dagna og ljoset rann: / Von yver verdi, / ljos yver ferdi, / ljos yver ferdi til livsens land. / Høge fagnad! / Sælt det dagna, / sælt det dagna og ljoset rann.

4Sjå, det dagast, snart det lagast, / snart det lagast til høgtid ny! / Då skal oss klokka / leikande lokka, / leikande lokka til helg i sky. / Sjå, det dagast, / snart det lagast, / snart det lagast til høgtid ny!