Til kjærleik Gud oss skapte (LH463)

Fra Liturgisk ressursbank
Revisjon per 31. mai 2015 kl. 19:29 av Mtande (diskusjon | bidrag) (Lagt inn teksten til første vers, skrevet inn av Daniel Haugestad Pedersen)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigeringHopp til søk
    Tekst: Bernt Støylen 1917    Melodi: Melchior Vulpius 1609
Til kjærleik Gud oss skapte


1Til kjærleik Gud oss skapte, / til kjærleik hjarta trår. / Dei livsens lukka tapte, / som ei Guds kjærleik når.

2Sin kjærleik Gud oss sender / i Sonen, Jesus Krist. / Dei som ei honom kjenner, / hev ljos og lukka mist.

3Vår Herre gav oss livet / og lukka dag for dag. / Kva hev me andre give / av ljos og hjartelag?

4Guds munn me skulle vera, / hans hand og hjartelag, / og Herrens gjerning gjera / so lenge det er dag.

5Han oss i hug og hender / legg kjærleiks kraft og liv, / og so han ut oss sender / med det som han oss giv.

6Det er den største æra / som gjevast kan på jord: / Guds kjærleiks tenar vera. / Då livsens lukka gror.

7Då veks den sanne gleda, / då vert vår livnad ny, / til eingong me fær kveda / vår lovsong yver sky.