Deg eg tilbed, guddom (LH457)
1Deg eg tilbed, guddom, / som på altarbord / duld i teikni dine / bur hjå oss på jord. / Upp mot deg mitt hjarta / hug og tankar dreg, / alt for meg vert burte / når eg skodar deg.
2Det som seg for augo / godt og fagert tér, / er for sjeli inkje. / Dust er alt eg ser, / når for øyro mine / kling det livsens ord, / som for tru og tanke / sanning er på jord.
3Du din guddom gøymde, / då du leid på kross, / løyner mannehamen / i ditt brød for oss, / men eg trur og vitnar / um deim båe tvo, / bed som sorgfull røvar: / Kom ihug meg no!
4Dine sår lik Thomas / kan eg ikkje sjå, / men at du er Herren / tvilar eg kje på. / Hjelp meg so eg alltid / veks i von og tru, / meir og meir deg elskar / og i deg fær bu.
5Å, du dyre minne / um hans offerdød, / du som livet skjenkjer, / ljose nattverdsbrød! / Må du alltid verta / metten for mi sjel; / Herre, gjer meg alltid / av di føde sæl.
6Gode pelikan, å / Jesus, Herren min, / lat ditt blod meg reinsa, / so eg heilt vert din; / for ein drope berre / av det blod som rann / kann all verdi løysa / ut or syndeband.
7Du som her deg gøymer / attum kvite sky, / frå ditt hjarta strøymer / alltid kjærleik ny. / Hjelp då meg som tyrstar, / stett mi djupe trå; / gjev at eg i himlen / fær ditt andlet sjå! Amen.