Å, kor heilag er vår høgtid (LH588)
Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til navigeringHopp til søk Tekst: O beata beatorum, 1100-t Melodi: Fransk / Thoralf Norheim Oversettelse: Ragnhild Foss 1949
1Å, kor heilag er vår høgtid, / martyrdomens minnedag, / då i vyrdnad me lyt prise / dei som vann dei store slag.
2Klårt for augo strålar teikni, / martyrdygder grant seg tér, / all den venleik som dei åtte / frå sin skapar, no me ser.
3All sin hug og tru og hjarta / til sin Gud dei yvergav; / aldri yvervunne gjekk dei / gjenom pinslor til si grav.
4De som ervingar med Kristus / er til himmerikes løn, / dykk me bed for Gud å bera / fram vår hjartans trong i bøn,
5at me etter yverferdi / til eit anna liv fær rom / millom Herrens sæle vener, / fegnast i hans herlegdom. Amen.