Fager kveldssol smiler (LH706)
Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til navigeringHopp til søk Tekst: A.H. Hoffmann von Fallersleben 1837 Melodi: J.Chr.H. Rinck 1814 Oversettelse: Peter Hognestad 1904
1Fager kveldssol smiler / over heimen ned, / jord og himmel kviler / stilt i heilag fred.
2Berre bekken brusar / frå det bratte fjell. / Høyr kor sterkt det susar / i den stille kveld!
3Ingen kveld kan læra / bekken fred og ro, / ingi klokka bera / honom kvilebod.
4So mitt hjarta stundar, / bankande i barm, / til eg eingong blundar / i Guds faderarm.