Kyrkja er ei heilag Moder (LH542)

Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til navigeringHopp til søk
    Tekst: Lars Eskeland 1937    Melodi: Wolfgang A. Plagge 1992
Kyrkja er ei heilag Moder


1Kyrkja er ei heilag Moder. / Ho gjer Kristus til vår broder / og kvar stakkar rik og sæl. / Ho tek så ljuvt i armen, / legg meg lint til fader barmen / og til livsens erving vel.

2Traust si Kyrkja Herren bygde / og på berget henne trygde. / Alle dagar stend ho der. / Fullt og fast ho sanning segjer, / aldri ho um Herren tegjer, / alltid ho hans vitne er.

Noter

  • Sats (Wolfgang A. Plagge)