Å, tenk på Gud i ungdoms år (LH679)

Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til navigeringHopp til søk
    Tekst: Elias Blix 1891    Melodi: Tysk folkevise ca 1500 / Nürnberg 1530
Å, tenk på Gud i ungdoms år


1Å, tenk på Gud i ungdoms år! / All vokster god må gro um vår, / um han skal grøda gjeva. / So lat då Gud ditt hjarta få / frå ungdom og til alder grå! / Då vert det lyst å leva!

2Å, tenk på Gud i ungdoms år, / når voni lyser ven og klår / som vår i ljose lundar, / når hjarteliv som blomen sprett / og seg for ljoset opnar lett / og etter kjærleik stundar!

3Ja, tenk på Gud i ungdoms år, / før deg dei vonde dagar når / som du må ille lika! / Det kjem ein kveld so kald og skum, / då vert det tungt å venda um / og frå det vonde vika.

4So tru på Gud når du er ung, / før du vert gamal, trøytt og tung, / og sorger hjarta fyller! / For trui adlar ungdoms år, / gjev krona gjæv til gråe hår / og deim med rettferd gyller.

5Gud, lat då bløma i kvar bygd / ein ungdom rik på tru og dygd, / og lær deim Kristi lydnad! / Og lat so alle gamle få / den gode alders krona på, / den kristne rettferds prydnad!