Å Kristus, rettferdssoli sjå (LH422)

Fra Liturgisk ressursbank
Revisjon per 28. apr. 2022 kl. 22:45 av Mtande (diskusjon | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigeringHopp til søk
    Tekst: Iam Christe sol iustitiæ    Melodi: Thoralf Norheim 1975    Oversettelse: Ragnhild Foss 1938
Å Kristus, rettferdssoli sjå


1Å Kristus, rettferdssoli sjå! / No kverv vårt sjelemyrker alt. / Du lét oss atter ljoset få / som er for jordi kraft og salt.

2Gjev oss so god ei nådetid, / lat anger reinsa sjel og sinn; / hjelp deim som under syndi lid, / so miskunns veg dei atter finn.

3Lær oss i sanning gjera bot / og bera byrdi di med deg, / du som so tidt på trøytte fot / bar byrdi vår på tungsam veg.

4So kjem den ljose dagen din, / ja, måtte me han snart få sjå! / då alt i blom og fegring skin / og reine me for deg skal stå.

5Alt som i himmelrymdi bid, / vår Gud, skal prisa deg ein gong, / å, gjev at me i ævorstid / fær syngja då den nye song!