Deg eg tilbed, guddom (LH457)

Fra Liturgisk ressursbank
Revisjon per 28. apr. 2022 kl. 22:53 av Mtande (diskusjon | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigeringHopp til søk
    Tekst: Adoro te devote, Thomas Aquinas 1200-t    Melodi: Gregoriansk, 1100/1200-t    Oversettelse: Ragnhild Foss 1938
Deg eg tilbed, guddom


1Deg eg tilbed, guddom, / som på altarbord / duld i teikni dine / bur hjå oss på jord. / Upp mot deg mitt hjarta / hug og tankar dreg, / alt for meg vert burte / når eg skodar deg.

2Det som seg for augo / godt og fagert tér, / er for sjeli inkje. / Dust er alt eg ser, / når for øyro mine / kling det livsens ord, / som for tru og tanke / sanning er på jord.

3Du din guddom gøymde, / då du leid på kross, / løyner mannehamen / i ditt brød for oss, / men eg trur og vitnar / um deim båe tvo, / bed som sorgfull røvar: / Kom ihug meg no!

4Dine sår lik Thomas / kan eg ikkje sjå, / men at du er Herren / tvilar eg kje på. / Hjelp meg so eg alltid / veks i von og tru, / meir og meir deg elskar / og i deg fær bu.

5Å, du dyre minne / um hans offerdød, / du som livet skjenkjer, / ljose nattverdsbrød! / Må du alltid verta / metten for mi sjel; / Herre, gjer meg alltid / av di føde sæl.

6Gode pelikan, å / Jesus, Herren min, / lat ditt blod meg reinsa, / so eg heilt vert din; / for ein drope berre / av det blod som rann / kann all verdi løysa / ut or syndeband.

7Du som her deg gøymer / attum kvite sky, / frå ditt hjarta strøymer / alltid kjærleik ny. / Hjelp då meg som tyrstar, / stett mi djupe trå; / gjev at eg i himlen / fær ditt andlet sjå! Amen.