Du Gud, som styrer stjerneher (LH685)

Fra Liturgisk ressursbank
Revisjon per 31. mai 2015 kl. 20:26 av Mtande (diskusjon | bidrag) (Lagt inn teksten til første vers, skrevet inn av Daniel Haugestad Pedersen)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigeringHopp til søk
    Tekst: Valdimar Briem    Melodi: Tysk folketone ca 1640    Oversettelse: Nynorsk salmebok 1925
Du Gud, som styrer stjerneher


1Du Gud, som styrer stjerneher, / og sorg og gleda sender, / i livsens stormar vet oss nær / med dine sterke hender!

2Styr hjarta mitt te* tenkja godt / og minnast vel din vilje! / Kvar syndig trå i stort og smått / or hugen min du skilje!

3Styr tunga mi te tala godt, / di æra alltid minnast, / lat aldri vondskap eller spott / i ordi mine finnast!

4Styr handi mi, so stødt eg må / dei andre glade gjera, / og dei av all mi ferd kan sjå: / D´er godt ditt barn å vera.

5Styr foten min på fredarveg,** / so eg ditt far kan fylgja, / då fred og kjærleik fremdar eg / og aldri svik vil dylgja!

6Styr alt mitt liv og helga meg / til ljos og hjelp for andre, / og fyrst og sist til lov for deg / eg mine vegar vandre.

7Styr du min båt til trygt i hamn / eg legg i fredarlandet, / og tak meg i din faderfamn / når eg gjev opp min ande!

* til å

** fredens vei