Då han eiter, gift og galle (LH619)

Fra Liturgisk ressursbank
Revisjon per 28. apr. 2022 kl. 22:52 av Mtande (diskusjon | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigeringHopp til søk
    Tekst: Postquam calix Babylonis    Melodi: Norsk middelalder    Oversettelse: Ragnhild Foss 1949
Då han eiter, gift og galle


1Då han eiter, gift og galle hadde gøyst utyver alle, draken ifrå Babylon,

2ollar gudlegdomens kjelde upp i Noregs land og velde, fram stend Olav Haraldsson.

3Olje blandet ned berg duva, Arki med sin kveite, druva, landar som på Ararat.

4Yver Noregs fjell og vangar nardeblomen ljuvleg angar; lyklen kjem til himmelskatt.

5Olav drott ditt kongsnamn lyder, herleg det på salving, tyder oljenamnet som du ber.

6Oljen som so ljuvt fekk renne ut ved lidingsbrodd, me kjenne ved det sæle namnet fær.

7Heilag Olav, må ditt øyre i Guds himmel bøni høyre som midvikudag me bed,

8Me som minnest enn den kvide du i dauden måtte lide denne dagen, lovsong kved.

9Kristi martyr, måtte alle du til Gud hev vilja kalle borgarskap i Himlen få!

10Bed at Gud vår synd vil slette, ureinskapen av oss tvætte, at me skirsla fram fær gå. Amen.