Gud, lat mi næring på denne jord (LH637)

Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til navigeringHopp til søk
    Tekst: Olav Aukrust 1929    Melodi: Wolfgang A. Plagge 1992
Gud, lat mi næring på denne jord


1 FGud, lat mi næring på denne jord / vera det ævlege livsens ord, / lat meg få vekse i heilagt vé, / kjenne meg grein på det ljuve tre / og som di utstråling trengje / beint gjennom myrkret og sprengje / skuggar og dimme og dødsens mein, -

Alat meg få eige den kvite stein, / større og større forklåring nå, / del i den fyrste uppstoda få / glad gjennom klovnande eimar / skode dei heilage heimar.

2 FTidi må breste der æva gror, / Gud, skal eg fødast på nytt på jord / og finne at striden kvesser seg til / endå meir frøsande nifs og vill, / endå meir berrsynt og naken / millom Mikael og draken, / lat meg då trugen i heilag gir*

Atene deg fullrøynd, rein og skir; / lat meg få vera i flokken den / som enn for ditt namns skuld i trengsel stend, / og då for det sannfagert gode / ut alle krefterne bjode!

3 FGud, lat ditt rike få vekse fram! / Jordi du lyfte frå ham til ham – / løys ved ditt ord både den og oss: / blodet som stråla frå Kristi kross / jordlivet gjenomgløde, / frelse og atterføde. / All skapningen sukkar, og synlegt kjem

Aeingong det nye Jerusalem – / høyr tusundtal ufødde kvæde syng / at stjernur og hjarto og gras og lyng, / eingong når sløri mun falle, / sannar deg alt i alle.

* iver, begjær

Noter

  • Sats (Wolfgang A. Plagge)