Høyr, milde Skapar (LH420)

Fra Liturgisk ressursbank
Revisjon per 28. apr. 2022 kl. 22:50 av Mtande (diskusjon | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigeringHopp til søk
    Tekst: Audi benigne conditor, tilskrevet Gregor den Store 500-t    Melodi: Thoralf Norheim 1975    Oversettelse: Ragnhild Foss 1938
Høyr, milde Skapar


1Høyr, milde Skapar, bøni vår, / for deg me stend i anger sår; / og beiske tåror på din fot / et vitne um at meg gjer bot.

2I all vår veikskap me oss tér / for deg som sjeledjupet ser, / men ropar på vår syndarveg: / Hjelp, Herre, og miskunna deg!

3So syndleg me mot deg fór fram, / Å, kann du strjuka ut vår skam, / so sjeli atter syndefri / fær skina klårt til æra di!

4Um tung vår lekam boti finn, / so styrk oss du i sjel og sinn, / og lat oss fram i dygder gå / til himmerike me kann nå!

5Trieinings Gud, du gjeve oss / som bera vil med deg din kross / og held vår lekam her i tukt, / at sjeli ber si ævefrukt. Amen.