Krist, som lét dagsljoset daga (LH421)

Fra Liturgisk ressursbank
Revisjon per 28. apr. 2022 kl. 22:50 av Mtande (diskusjon | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigeringHopp til søk
    Tekst: Christe qui lux es et dies, 500-t    Melodi: Thoralf Norheim 1975 etter gregoriansk    Oversettelse: Ragnhild Foss 1938
Krist, som lét dagsljoset daga


1Krist, som lét dagsljoset daga, / myrkret i oss vil du jaga. / At du er ljos av ljos me trur, / i deg Guds ævedagar bur.

2Vil du i natti oss verna, / leida oss til deg som stjerna? / Ja, syn oss veg i himlen inn, / so kvila vår i deg me finn!

3Lat ikkje svevnen oss binda, / ikkje oss fienden finna, / so han vårt kjøt mot syndi dreg / og me lyt stå med skuld for deg.

4Um du oss svevnen lèt smaka, / Herre, lat hjarta vårt vaka! / Du verne med di høgre hand / dei som du her i kjærleik fann!

5Du som mot synd vil oss verja, / stans deim som lyden vil herja, / og leid på himmelvegen god / dei sjeler du hev løyst med blod.

6Lat oss deg, Herre, til æra / lekamen, byrdi vår, bera! / Du som vil verja kvar ei sjel, / hjelp oss og gjer oss ævleg sæl.

7Gjev oss, å Herre, den gåva, / deg i all æva å lova, / trieinig Gud, lat oss din pris / få syngja høgt i Paradis! Amen.