No jubla jord (LH586)

Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til navigeringHopp til søk
    Tekst: Exultet orbis gaudiis, 900-t    Melodi: Thoralf Norheim    Oversettelse: Ragnhild Foss 1938
No jubla jord


1No jublar jord, syng høgt og kved / og høge himlar syngje med! / for Herrens sendebod på jord, / apostlane, me kved i kor.

2Dei er det sanne ljos som skin / og vitnar klårt um Herren sin, / med honom dei den siste dag / skal døma alle folkeslag.

3Han gav deim makti her på jord / å opna himlen med sitt ord. / Lat dette ordet rikt som gull / oss løysa frå vår syndeskuld!

4Ja, de som lækjer sott og sår, / læk oss frå synd so sjeli vår / på Herrens gåvor vert so rik / at me som de vert Honom lik,

5so når han kjem den siste natt, / han ljoset sitt i oss finn att. / Då skal vår domar, milde Krist, / oss unna Himmerik for visst.

6No pris og takk og ære skje / Gud Fader, Son og Ande med, / du som er ævleg ein og tri! / ver lova no og allan tid. Amen.