Or himmelhøgd gjekk Ordet ut (LH458)

Fra Liturgisk ressursbank
Revisjon per 28. apr. 2022 kl. 23:49 av Mtande (diskusjon | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigeringHopp til søk
    Tekst: Verbum supernum prodiens, Thomas Aquinas 1200-t    Melodi: Gregoriansk    Oversettelse: Ragnhild Foss 1938
Or himmelhøgd gjekk Ordet ut


1Or himmelhøgd gjekk Ordet ut, / men ikkje burt frå Faderfamn; / i riket sitt han gav oss lut, / fyrr heim han fór til himmelhamn.

2På ferdi si til kross og grav, / av venen sin til fiend seld, / seg sjølv som livsens brød han gav / til flokken sin den siste kveld.

3Han gav sin lekam og sitt blod / til føda for kvar hungrig sjel, / so mannen skapt i dette to / skal livet få og verta sæl.

4Som mannsens barn han vart vår bror, / og føda vår på nattverdsbord; / og offerlammet vårt på jord / i Himmerik vert løn so stor.

5Du eine, sanne offerlam / som opnar himmeldør for oss, / fri oss frå ufred, krig og skam, / ver styrken vår i naud og kross!

6Trieining, du vår store Gud, / i deg me livsens lukke fann. / Lat oss ditt lov i heilagt skrud / få syngja i vårt fedreland! Amen.