Store skapar av heimsens ljos (LH300)

Fra Liturgisk ressursbank
Revisjon per 28. apr. 2022 kl. 23:47 av Mtande (diskusjon | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigeringHopp til søk
    Tekst: Lucis Creator optime, Gregor den Store 500-t    Melodi: Ambrosius J. Lutz    Oversettelse: Ragnhild Foss 1938
Store skapar av heimsens ljos


1Store Skapar av heimsens ljos! / Dagar strøymer som elv mot os, / og i upphavet steig vår jord / herleg fram på ditt skaparord.

2Morgon bjart let du fylgja kveld. / Dagen kalla du ljosens tjeld. / Spreid det myrkret som trugar no, / høyr vår bøn, sjå vår tåreflod.

3Lat kje sjeli i myrkheims band / stengjast ute frå ljosets land, / og på ævlege tankar tom / inkje sjå av din herlegdom!

4Inst i himlen me bankar på, / livsens ljos skal hjå Gud me få. / Hjelp oss leggja all vondskap av, / du som sjeli sitt ynde gav.

5Gode Fader på gåvor rik / dyre Sonen som er deg lik, / Heilag Ande, vår Trøystar blid, / vera lova i allan tid!