Storleg gled me oss i Herren (LH282)

Fra Liturgisk ressursbank
Revisjon per 28. apr. 2022 kl. 23:47 av Mtande (diskusjon | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigeringHopp til søk
    Tekst: Voce jubilantes magna, 1100-t    Melodi: Thoralf Norheim 1969    Oversettelse: Ragnhild Foss 1949
Storleg gled me oss i Herren


1Storleg gled' me oss i Herren, / sjeli fegnast i sin drott. / Våre røyster i all æva / ljode i hans æve slott.

2Himmel, sol og måne, stjernor / – alt i himmelrømdi bid* – / jordi, lufti, hav og kjeldor / elvar, vatn i allan tid

3aldri i sin lovsong trøytnar, / aldri endar deira pris; / um sin Skapar og hans stordom / syng kvar skapning på si vis.

4Sonen, som i høgd og ære / sit i all sin Faders glans, / prisar ljosens fagre herar / ljuvleg no forutan stans.

5«Heilag, heilag, heilag», syng dei, / «heilag er Gud Zebaoth!» / Høgt «hosanna» – ropet ljodar / framfor Allheims store drott.

6Syngje då for Herren alle, / han åleine lov er verd. / Heider, ære, makt og frelse, / alt er Herrens, han som er!

7Herre, vil du deg miskunne, / høyr i dag vår takk og bøn! / Må du oss i æva unne / syngje lov som sæle-løn!

* venter