Ved nattverdsmål som Lammet gav (LH476)

Fra Liturgisk ressursbank
Revisjon per 28. apr. 2022 kl. 23:46 av Mtande (diskusjon | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigeringHopp til søk
    Tekst: Ad cænam Agni providi, 500-t    Melodi: Thoralf Norheim    Oversettelse: Ragnhild Foss 1938
Ved nattverdsmål som Lammet gav


1Ved nattverdsmål som Lammet gav / i reine og kvite klæde, / skirsla gjenom Det raude hav / for Herren me syng vårt kvede.

2For krossen er hans altar her, / der kann me hans offer taka. / Herrens heilage lekam fær / so underfullt då me smaka.

3Her fann me oss ei livd so trygg / og tarv ikkje lenger fæle, / ottast ikkje vår fiend stygg / og faraos strenge mæle.

4For Kristus sjølv er påskelam, / her lyser hans offergrøde, / her er kjøtet hans bore fram / i usyra brød til føde.

5Du eine, sanne offerbrød / som opnar oss himmeldører, / trygt or trelldom og sott og død / du alle til livet fører.

6Med siger Krist or gravi stod, / han hadde vår fiend bunde; / no fær folket som gåve god / det land han med blod hev vunne.

7Deg, allheims høge drott me bed: / Lat ikkje i synd oss falle! / Gjev din ljuvlege påskefred / og Himmeriks frygd åt alle!