Gud signe Norges land (LH720)

Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til navigeringHopp til søk
    Tekst: Arne Garborg 1878    Melodi: Oscar Borg 1905 © Norsk Musikkforlag A/S
Gud signe Norges land


1Gud signe Noregs land, / kvar heim, kvar dal og strand, / kvar lund og li. / Han lat det aldri døy, / han verje bygd og øy, / han verje mann og møy, / til ævleg tid!

2Me fekk det høgt og fritt, / me fekk det vent og vidt / med hav og fjell. / Det stend so trygt og godt, / det stend so reint og blått, / rett som eit gudeslott / med solskinstjeld.

3Stort arbeid ned er lagt / til landsens fred og makt / frå tid til tid. / Det kosta tusen år / i kav frå vår til vår, / i strid so tung og sår / før me vart fri.

4I kjærleik varm og mild / me legg vår vilje til, / då veks det fram. / Då fær det bløma blidt, / då fær det spyrjast vidt, / og alltid standa fritt / for naud og skam.

5Her stig det stort og blått, / vårt fagre heimlands slott / med tind og tårn. / Og som det ervdest ned / alt fagrar´ led for led, / det byggjast skal i fred / åt våre born.