Ljos yver grav (LH494)

Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til: navigasjon, søk
    Tekst: Elias Blix 1890    Melodi: Ludvig M. Lindeman 1871
Ljos yver grav

1Ljos yver grav som oss livsvoni gav, / rann med Guds Son ifrå daude. / Solrenning klår som den venaste vår / steig yver gravstader aude. / Ljoset og livet for alle mann / strålande upp med vår Frelsar rann.

2Engelen kvad yver daudstille stad: / Krist er med siger uppstaden! / Sigrande vel yver ormen frå hel / bøtte han brotet og skaden. / Syndi er sona og såret grødt, / livet av daude er atter født.

3Kristus stod upp som det livstre i knupp / som i all æva skal bløma. / Skapande liv han alt drepande driv, / dauden for honom må røma. / So ved det livstre til Herrens pris / eingong me livnar i paradis.

4Ljos yver grav, fall som solskin på hav, / når me frå verdi skal fara! / Lys oss i land til den livsæle strand, / fram til det liv som skal vara, / so me ved ljoset frå påskedag / sæle kan leva i englelag!