Ditt skaparljos i stjernor bur (LH349)
1Ditt skaparljos i stjernor bur, / ditt æveliv i deim som trur. / Vår Krist som hev oss atterløyst, / me kallar på deg : Høyr vår røyst! Amen.
2I trældoms band var livet lagt, / i synd og sott og myrkemakt, / då steig du frå ditt himmelrom / til jordi ned med lækjedom.
3Det stunda mot den siste kveld, / då skein det upp ein stråleeld, / frå møyarfang til pinslekross / du himmelteiknet vart for oss.
4Vår Gud, kor er di makt vel stor! / Ved namnet ditt skjelv himmel, jord, / for deg må bogna alle kne, / dei kjenner teiknet: blod og tre.
5Å heilag Gud, til deg me bed / som døma skal kvar ættarled: / Hjelp oss i striden, store Far, / mot myrkemakt og fiend hard.
6Med lov og takk me prisar deg, / vår store Gud, vårt ljos på veg. / Utalde folkeslag ein gong / skal kveda deg sin hyllingssong. Amen.