Du lyser, høge martyrdrott (LH587)

Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til navigeringHopp til søk
    Tekst: Rex gloriose Martyrum    Melodi: Gregoriansk / Thoralf Norheim    Oversettelse: Ragnhild Foss 1938
Du lyser, høge martyrdrott


1Du lyser, høge martyrdrott, / som krune smidd av gull; / hjå Fader din i himmelslott / me ser deg frygdefull.

2Høyr du dei bøner som me bed, / og i ditt namn ber fram: / For dine heilagmenn me kved, / fri oss frå synd og skam!

3For det var du som siger vann, / vår Gud, i martyrblod; / og styrken sin hjå deg dei fann, / dei store sendebod.

4Du sigrar yver syndi vår / når me forlating fær, / og gjev oss sæle barnekår; / du alt i alle er.

5Me lovar deg, vår Fader god, / og Sonen du oss gav, / og Heilaganden som ber bod / um siger yver grav. Amen.