Ein heimstad hev Herren for folket sitt bygt (LH540)
Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til navigeringHopp til søk Tekst: Lars Eskeland 1934 Melodi: Wolfgang A. Plagge 1995
1Ein heimstad hev Herren for folket sitt bygt, / som lyser i evig klåre. / På berg skal han standa i tidene trygt / for oss og for borni våre. Omkv. Kristi kyrkja / står trygt i tid og i æva. Kristi kyrkja / står trygt i tid og i æva.
2Sjå landet i folket seg speglar av, / so hugen av venleik lyser. / Og Herren Krist seg til folket gav, / so hjarto himmelen hyser. Omkved
3Til kvar som flyg inn i hans frelsarfamn / han segjer: Du ven og broder. / Og Faderen gjev oss eit barnenamn / i Kyrkja, vår heilage moder. Omkved