Frå solarkome til solarglad (LH602)
1Frå solarkomme til solarglad / alt folk skal syngja sitt frygdekvad / for Kristus kongen frå himmerik, / som kom til jordi og vart oss lik.
2Frå æva hadde han guddomsmakt, / men kom til oss i ei tenardrakt; / i syndelekkja hans skapning låg, / vår skapar ynktest då han oss såg.
3Men ingen skyna kor rik ho var / den sæle møy som hans guddom bar, / ho hadde Himmerik i sin famn; / so stor ei lukke er utan namn.
4Den høgste drotten han ville bu / hjå ho som åtte den reine tru; / då ordet strøymde i Andens sus, / vart hjarta hennar hans tempelhus.
5Ho fødde Sonen og mintest vél / den glade bodskap frå Gabriel, / og han som høgt i si glede sprang, / då han fekk bodet i moderfang.
6Ho svævde honom i krubbeseng, / på halm han kvilde som fatig dreng; / for han som fuglan´ gjev mat og reir, / han trådde ikkje på jordi meir.
7Med alle englar syng høgt i kor! / Syng jolekvadet dei song på jord, / då hyrdeflokken med´ stjerna rann, / den gode hyrding på jordi fann. Amen.