Guds kjærleik er den reine kjelda (LH680)
1Guds kjærleik er den reine kjelda / som all di gjerd må renna frå, / um ho som god for Gud skal gjelda / og for hans åsyn ynde få.
2For kjærleik aldri nesten krenkjer, / han aldri fer med ovmod fram. / Han godt om alle trur og tenkjer, / er alltid mild og miskunnsam.
3Alt godt han vil mot alle gjera, / er fri for ovund, hat og harm, / vil trutt med brøder børa bera / og gled´ kvar lidande og arm.
4Han søkjer det som nesten batar*, / um eigen bate** ikkje bed. / Han elskar den som honom hatar, / og gjerne byd sin fiend fred.
5Og strid og ufred ned han sonar / og ber all urett logn og blid. / Han allting trur og allting vonar, / han allting toler, allting lid.
6Og når me herfrå heim skal fara, / der tru og von uppfylling fær, / skal kjærleik i all æva vara, / udøyelig som Gud han er.
7For berre kjærleiken kan fylla / Guds heilage og høge krav. / Gud, lat då Kristi kjærleik gylla / vår veg frå vogga og til grav!
* gavner
** fordel